Fint og keisamt. Mistenker det er ei plate som treng fleire lytt.
Nett i dag vart eg litt lei kvar gong strykearrangementet satt i gong, men stemma er fascinerande så eg held ut.
Er nok ikkje min kopp te.
Eg likte denne godt, ei plate eg nok vil gå attende til ved høve. Samstundes så vert det aldri dei store høgdane ved fyrste lytt, sjølv om eg syns plata vert meir og meir interessant utover.
Det vert 3+, men mistenker at den kjapt er på fire om eg køyrer nokre rundar til.
Dette er ei plate eg set på åleine, med høgt volum. Då går tida utan at eg merker det og eg er alltid ei oppleving rikare.
Kjempeplate👍
Det er ikkje alt som er gøy, og godt er det. Flott plate, utan krumspring men med fine låtar, nydeleg gitarspel og mykje eigenart.
Dette var ein fin lytt.
Personleg favoritt: Which Will.
Bandet kjente eg bare til namnet på, og plata hadde eg aldri høyrt.
Forventa lite, fekk kanskje litt meir for det var ikkje så verst dette.
Trur eg hadde likt det godt som ung og lovande i 2001, men vaksenutgåva vert ikkje så veldig engasjert.
Ukjent artist og plate. Å oppdaga ny musikk er ei av livets store gleder, så dette var stas på ein heilt vanleg Onsdag.
Variert, energisk, humørfylt og flott speling.
Hadde ei topp stund med denne, og den vil nok få mange lytt framover.
Artig å hoppe mellom så ulike plater.
Denne plata er som ein pubkveld, med latter, melankoli, allsang og alt som høyrer til.
Denne er så rå at det vert 5 stjerner, sjølv etter at eg har gjeve trekk for «Changes».
Plata peaker etter overnemnde, med suverene «Supernaut» og «Snowblind», så ein kjem fort i driv etter balladepausen.
Nydeleg plate. Eg sat ungdommen på gjerdet, og såg på denne som gamlismusikk.
Som eldre kar nyter eg låtskrivinga, rytmane og ikkje minst stemninga som pregar heile verket.
Eg lar meg begeistre!
Dette er meir dusinvare enn noko ein bør høyre før ein døyr. Kan hende det er noko spesielt med denne, men eg skjønar ikkje kva..
Nok ei plate som ville kjapt blitt avvist av ein yngre meg. Ikkje høyrt den før, og det var ein fin lytt. Flott spel og kjenslevare soloparti løfter plata, og ingen svake spor.
Bra saker, kanskje utan x-faktoren som skiljer den frå andre vel så bra saker i same gate. Det vil tida vise, krevjande å konkludere slikt etter ein runde.
Mykje tøft og nok ein god lytt.
Glad som eg er i 50-60 tals pop og soul så tenkte eg at dette vart gøy og diggbart.
Det vart det diverre ikkje heilt. Einskilde låtar er veldig fine, men vel så mange trekk ned så det vert ei ujamn oppleving.
Personlege favorittar: «you don’t own me», «mockingbird» og «nothing»
Brillefin plate. Vanskeleg å forklare kvifor eg trekk ei stjerne, men eg gjer det. Trur det er sidan plata er nokså balladetung, og at det vert såvidt for mykje tyngde på den sida for meg. Uansett, for ein fabelaktig musikar.
Dette er interessant ei lita stund, deretter står det ikkje distansen for meg.
Artig konsept og morosame tekstar, men det kan verke som konseptet er viktigare enn musikken og utover i plata vert det lite engasjerande.
Dette var ei gledeleg overrasking. Veldig bra plate, spesielt likar eg dei lange «this is what she’s like» og «the waltz». Mange fine parti og god energi, med ein vokalist som dreg på.
Så då er eg kome meg vidare frå «come on eileen» og skal sjekke meir frå denne gjengen. Det ser eg fram til.
For mange år sidan forstod eg ikkje greia med Joy Division, men det var då.
No er det ein eigen sjanger for meg, og dette er ei prima plate.
Det er jo gøy at det dras på så voldsomt, og eg får litt lyst å like det. Men det får eg ikkje til.
Får ei ekstrastjerne for eg likar forsøket og innsatsen.
Fight the war - Fuck the norm.
Ingenting anna enn full pott er eit alternativ.
Denne plata satte fart på musikkinteressa til 13(?) år gamle meg.
Politisk bevissthet fekk eg jammen på kjøpet.
Her gjorde eg ein førebuande innsats og motiverte meg for å vere open og lyttande.
Men, eg får ikkje til dette og appellen er uforståeleg for meg.
Eg får rett og slett ingenting utav det.
Utifrå status og anmeldelsane av plata ligg nok mitt krevjande forhold til dette meir på mi side enn på Frank Ocean si.
Dette er ei plate som passar meg godt.
Skeiv og rufsete nok til å aldri bli for fin, og samstundes med flust av fine låtar.
Ein god lytt.
George Clinton og hans univers er visjonært, kult og vanskeleg å få til på plate.
Det vert litt for langdrygt og litt for repetetivt, men framleis kult. Bare ikkje ei heil plate kanskje?
Dette er ikkje min favoritt i Funkadelic/Parliament katalogen og vert sjeldan satt på.
Anbefaling: Sjekk nokre av dei glimrande liveinnspelingane som ligg på youtube
Musikk laga for P4. Veldig lyst å gi ei stjerne, men dei er flinke til det dei gjer sjølv om det dei gjer er frykteleg keisamt.
Så det vert to.
Ei stjerne er vel fasit her.
Gjorde eit forsøk på å lytte etter noko som kunne gje ei ekstra, men det var fånyttes.
Fin plate, god lytt.
Tok denne lytten på biltur, og det passa perfekt.
Lenge sidan eg hadde høyrt plata, og den passa veldig bra etter å ha vore utsatt for Coldplay og Culture Club siste dagane. Endeleg skikkelege greier.
Springsteen treff åpenbart ei nerve hjå folk, og det har fascinert seg sidan han alltid har vore langt frå å røre ved mitt nervesystem. Denne plata er ikkje vond å høyre på, samstundes så ser eg ganske kjapt fram til det er ferdig.
Fekk fot på I’m Goin’ Down, anar ikkje kvifor.
Ja, nok ei plate som ein kan undre seg over kvifor er på ei slik liste. Denne kan eg vanskeleg forestille meg var banebrytande på noko tid.
Snilt og greit, men ingenting meir. Vart faktisk litt irritert undervegs. Analog AI musikk?
Den iron man versjonen burde ikkje vore lov.
Me nærmar oss no, etter mitt syn, «1001 plater du ikkje treng høyre».
Eg likar godt garasjerock, og rufsete band som får til eit uttrykk på rein vilje. Libertines er langt frå å hevde seg i den kategorien.
Men mykje mediemerksemd fekk dei i si tid, og kanskje solgte dei mange plater på det?
Fingrane kryssa for neste skive ut.
Dette er musikk eg det meste av det som la grunnlaget for min musikksmak var ein motreaksjon til. Absolutt ikkje min kopp te.
Samstundes så er det absolutt mykje velspelt, og mulighet for å få fot. Så i lys av forventningar og kanskje prega av dei siste lytteopplevingane så får dette vere trestjerners greier.
Om ingen tvingar det på meg på ny, så vert det nok og min siste runde med denne plata.
Dette var og ein periode, då bakgrunnsmusikken fekk skinne i CD hyller og på cafear rundtom.
Ikkje min kopp te i det heile.
Klassikar!
Det er eit privilegie å vere i ein generasjon der denne plata er ei fellles referanse.
Hard, progressiv, variert og med enormt med overskot.
Herleg soundtrack til helga.
I ungdommen var dette ei av platene der eg stadig fann ein ny favorittlåt.
I dag framstår den ikkje like fengande, og framkaller slett ikkje dei same varme minnene som t.d Master of Puppets gjer.
Tekstane er jamnt over pinlege, men musikalsk er det framleis ting å setje pris på her.
Snedig valg av Beatles plate.
Eg likar dog denne veldig godt, og er svak for desse tidleg sekstitals rockeplatene.
Koste meg og hadde ein god lytt. Bra greier.
Jepp. Skal ein rangere, så har nok Tom Waits ei rekke sterkare plater. Dette er dog ein herleg sak, mest av alt grunna den rå og samstundes kjenslevare stemninga ein er i under lytten. Få skriv tekstar som dette.
Eg diggar «Heartattack and Vine» og «Ruby’s arms» er støtt den flottaste låten eg veit. Reisa mellom desse er herleg.
Vel vitande om at eg forpliktar meg til femstjernarar for dei fleste Waits platene så vert det konklusjonen her.
Vanskeleg merker eg, for eg har høyrt desse låtane så mange gonger at eg eigentleg vil «spole» vidare.
Men, det er jo greit og fint. Ingen særskilte merknader.
Dette er full pott på skalaer som går mykje lengre enn til 5.
Ei av dei beste platene nokonsinne.
Aldri fått til å høyre på Van Halen, men klarte det no under «tvang». Denne har nokre saker som er betre enn forventa, men jamnt over forstår eg godt kvifor dette er eit band eg vier ingen tid til.
Dette var eit gjenhøyr etter mange år. Triveleg var det og, både skeivt og fjernt.
Men, det når ikkje høgdene det nådde då eg var yngre.
Det vert 3 stjerner, men hadde nok nådd 4 med hasj.
Dette var ein verkeleg god lytt.
Ikkje vore på min radar tidlegare, så her fekk eg betalt for dette prosjektet.
Skikkeleg soul med doo wop krydder på toppen funka godt for meg.
Eg likar det.
Ikkje på same vis som anna musikk eg lyttar til, men som Headset-soundtrack medan eg gjer på ting så vert alt litt kulare.
Har kun kjennskap ei Snapper plate frå før, «reeled and skinned», som eg fekk i hus grunna hype i kollektivet seint 90 tal.
Så det funkar for meg, kor banebrytande det er og kvifor den er på denne lista, er meir uklart. Så i denne samanheng - ein noko svak firar.
God lytt som alltid med Stevie W
Kanonplate og formativ for mi musikkinteresse. Her oppdaga eg Beastie Boys.
Humøret, kreativiteten og leiken dei har i musikken skulle me hatt meir av.
Klarer ikkje strekke meg til 5 stjerner trass dette, men om «Check your Head» dukkar opp så smeller eg til.