The Who - Tommy
Eg har aldri klart å interessere meg for historia i denne konseptuelle mammuten. Og då ender den liksom litt opp som ei ALT for lang plate med fin musikk. Ja, det er nesten så kvaliteten blit noko utvatna av konteksten, på eit vis. Og det er litt rart. For når eg høyrer “Christmas”, “1921”, “Go To the Mirror” og “Pinball Wizard” er dei jo heilt nydelege. Men framleis… eg gir pokker i korleis det går med både Tommy, foreldra, fetteren og dei andre karikaturane i denne historia. Så konklusjonen er at musikken er mykje betre enn plata, om sånt gir meining å sei.
7/10
The Who - Live At Leeds
Eg har aldri vore noko tilhengar av liveplater. Med unntak av Neil Young si “Rust Never Sleeps” og noko Dylan-greier så høyrer eg eigentleg aldri på sånt. Desse er jo unntak fordi dei enten inneheld låtar som ikkje er utgitt tidlegare eller fordi tolkningane er så annleis at låtane blir som nye. Og jo, eg er heilt med på at desse innspelingane har bøttevis av puls, men eg vil liksom litt vidare kjenner eg. Og så må eg berre bruke anledninga til å sei at “My Generation” er ein heilt utruleg middelmådig låt, omdømet sitt tatt i betraktning.
5/10
Nirvana - In Utero
Eg trudde fram til relativt moderne tider at denne kom før "Nevermind". Og, sjølv om det er sløvt research, er det lett å forstå kvifor. Dette låter ingenting som om eit band som akkurat har blitt det største i verda. Og det var vel heilt etter Kurt sin vilje. Steve Albini er rett og slett ikkje min type produsent og den gjennomtørre lyden av "In Utero" gjer at heile opplevinga kjennes ut som den berre har den eine giret. Mange av desse innspelingane hadde blitt betre om dei hadde fått skinne litt meir, men her blir dei berre ein del av grauten. Og grauten er god nok den altså, men eg har lyst på ramen!
6/10
Talking Heads - Talking Heads 77
Kul, fargerik plate med ein vokalist som av og til er litt vel langt framme i skoa for min del. “Don’t Worry About the Government” og “Tentative Decisions” er begge fascinerande turar nedom holet til Alice (😱). Og, så klart, dei to siste er knallbra. Likar denne betre no enn sist eg spelte den. Imponerande signatursterk til på være ei debutplate.
7/10
Curtis Mayfield - There Is No Place Like America Today
Tilbakelent, seig og funky soulmusikk der Curtis ligg og flyt med den nydelege falsettoen sin nesten frå begynnelse til slutt. Bodskapet er ofte svært politisk (om rasisme), religiøst (om gud) og romantisk (om å forelske seg). Ved første lytt var det mykje av dette som blei liggande mens dagen min seig forbi, men allereie på andre lytt hadde den opna seg ein del. Og no, når den går for tredje gong, tenker eg at livet blir litt betre no som eg kjenner denne.
8/10
Limp Bizkit - Chocolate Starfish And the Hot Dog Flavored Water
Overraskande at denne dukka opp, men kanskje vel så interessant som å høyre “Abbey Road” nko ein gong? Limp Bizkit er som kjent ei musikkgruppe som lagar musikk midt mellom Crazy Town og Korn. Det er jammen ikkje berre kjekt å høyre den skingrande stemma til Fred Durst i over ein time. Det heile startar med Nine Inch Nails-parodien(?) “Hot Dog” som har den mest ynkelege sjå-kor-tøff-eg-er-teksten verda nokon gong har høyrt. Vidare må me gjennom velkjent eder (“My Generation”) og galle (“Rollin”) før me endeleg, når me er over på tosifra låtnummer, får Mission Impossible-songen “Take A Look Around” som er einaste her det kan være verdt å la spele ferdig. Sidan denne plata fekk plass i boka så antar eg forgjengaren, som jo er mykje betre, dukkar opp og? Berre å glede seg.
Fucked up AIDS from fucked up sex
Fake-ass titties on a fucked up chest
Fred Durst får Bloodhound Gang til å likne på Bob Dylan.
2/10
Billie Holiday - Lady In Satin
Orkestreringa på denne plata er så nydeleg. På dei tidlegare song ho jo ofte mot meir nedstrippa komp. Det er noko med å høyre denne musikken på vinyl. Knitringa av støv i rillene mot bristinga i stemma til ei sliten Billie Holiday (trass sine berre 43 år) etter mange år med rusmisbruk. Av platene eg har høyrt av ho, er dette kanskje den vokalteknisk svakaste, men likevel er resultatet det beste. “Lady in Satin” er sår og vemodig (uunngåeleg ekstra sett i lys av at ho skulle døy året etter), og fangar ei skjør, vakker stemning som varar frå 1958 til evigheten.
9/10
Shuggie Otis - Inspiration Information
Einig med Endre: Tittelsporet som opnar plata er knallbra. Den noko sløyare “Island Letter” som følgjer opp er óg veldig fin. Det er kanskje litt inspirasjon frå folk som Stevie Wonder og Sly Stone her, men etter kvart går plata over i ein litt for stor andel lounge-aktige greier som er behageleg nok, men ikkje så mykje meir. “XL-30” er ingen ny favoritt, til dømes. Har aldri høyrt denne tidlegare, så dette var jo ganske givande, men tar vel kun med meg eit par av songane på starten vidare på vegen. (Eg tok utgangspunkt i originalen og dei ni spora den har.)
6/10
John Coltrane - A Love Supreme
Det kjennes ut så denne jazzen får være nesten fri, men likevel blir såvidt haldt i eit eller anna system. Lyden av saksofonen til St. John er altså så forbanna nydeleg mot alt det kaotiske som skjer bak og rundt (jesus for ei tromming!). For halve livet mitt sidan hadde eg aldri klart å hekte meg på eller I det heile tatt halde ut dette her, men no har eg brukt plata for å tømme hovudet mange gonger: Mørkt rom, mjuk madrass og “A Love Supreme” på temmeleg intenst volum. Om du nokon gong treng kjensla av at ei plate skyller over deg så velg denne! Når det er sagt dukkar det oftare opp eit bruk for den strået meir melodiske Coltrane for min del, som på “My Favourite Things” som vender tilbake til eit eller anna melodisk fundament ein god del oftare. Men ja, sjuk plate!
8/10
Nick Drake - Pink Moon
Formatet er enkelt og nedstrippa (Nick + gitar og/eller piano). Ei ganske kort plate med vemodige viser skrevet med ein temmeleg poetisk penn. Månen, jorda og sjøen... og tida som renn ut. Og som me veit: Dette blei jo avskjedsbrevet hans. Eg har alltid likt, men aldri elska denne musikken. Nick Drake har ei stemme som ligg lågt, nesten litt mumlande og for meg blir den i overkant monotom. Og så syns eg desse songane held jamnt ganske høgt nivå. Den voldsomme klassikarstatusen er eg ikkje heilt med på.
6/10
Super Furry Animals - Rings Around The World
Eit sånt band eg “alltid” har visst om, men aldri hadde kunne tatt på quiz. Dei liknar jo litt på både Flaming Lips og Badly Drawn Boy frå samtida si (og ja, han syns likt Damon Albarn), men det fins sjølvsagt spor av dødsbo her og. Pink Floyd, til dømes? Love? ELO? Ja, det trur eg så definitivt. Litt for ofte blir denne musikken nedlessa av orkestrering og synth-effekt, men av og ti så er no låtane verdt å høyre på, syns eg. I alle fall “Run! Christian, Run!” og tittelporet. Men jamnt over er det dumt at dei fleste av desse songane forsvinn litt når dei er ferdigspelt.
5/10
Hugh Masakela - Home Is Where The Music Is
Varm, inkluderande jazz som vel neppe kan provosere nokon som helst? Veldig utravel plate, og sånne treng i alle fall eg (er du klar over kor mykje adhd-folk er “på jobb” om musikken er hektisk?). Pianoet som smeltar inn i trompeten (eller det flygelhorn?) på “Minawa” er eit av dei store høgdepunkta så langt i denne gjennomgangen.
7/10
The Pogues - Rum, Sodomy & the Lash
Det er rart med det, men denne plata funkar mykje betre på meg no enn førre gong eg høyrte den (sikkert 10 år sidan). Den gong syns eg den rufsete stemma til Shane MacGowan blei litt mykje etter nokre spor. Den siste songen er eigentleg den einaste eg tok vare på, som eg av og til har tatt fram og høyrt på sidan den gong. Når eg høyrer plata no syns eg den er ei godt balansert samling av sjømannsviser, irske tradisjonslåtar og Shane sine fyllehistoriar (med eit særleg sterkt midtparti) Til tider rett så rørande, faktisk.
8/10
Black Sabbath - Vol. 4
Eg likar den, men trur kanskje eg syns den er verst av dei 4-5 første. Den er litt både her og der, på eit vis. Veldig doomete og mørk til tider, men og meir progressiv og eksperimentell. “Snowblind” og “Supernaut” er fantastiske rundt midten, mens “Fx” er ikkje lett å forstå seg på. Breialt å opne med “Wheels of Confusion”, men for all del… rå låt. “Changes” føles framleis ut som ein Ozzy-solosingel frå 1989 og “Laguna Sunrise” luktar langt meir Zeppelin enn Sabbath. Får litt lappeteppe-kjensle av totalen her, men likar det jo godt. Det er jo Black Sabbath!
8/10
Paul Simon - Graceland
Han har ei sånn tidlaus aldri-irriterande stemme, Paul Simon. Som Will Oldham eller David Bowie. Til dømes. Eg likar den 80talske eimen denne plata (og særleg denne bassen) legg bak seg og dei afrikanske rytmane funkar betre for meg no enn for, tja, 20 år sidan. Den gong høyrte eg på “Still Crazy…” og den sjølvtitlerte på vinyl - ofte på dei før eg skulle på Mono og drikke øl og gløyme igjen kortet i baren. Av songane på “Graceland” syns eg dei varierer frå mildt irriterande (“Gumboots”) til perfekte (“Diamonds on the Soles of Her Shoes”).
8/10
Aerosmith - Pump
Hadde ikkje forventa å treffe denne plata i denne tråden, men kjekt å bli overraska. "Pump" er for meg midtpunktet mellom gamle, rufsete, forfylla Aerosmith og pop-polerte, edru Aerosmith som skulle få mykje tid på MTV på 90-talet. Plata er heilt utrulig ujamn. Til dømes er "My Girl" ekstremt stygg samanlikna med Temptations sin song med same tittel. Og "Monkey On My Back" har eg hatt lyst til å hoppe over heilt sidan eg blei kjent med denne plata. Men så er det desse melodiske perlene som festar seg veldig... "Love In An Elevator" og "Janie's Got a Gun" er kjempefine, men den største juvelen (og kanskje deiras beste låt nokon gong), "What It Takes" rundar av heile greia og gjer kanskje at eg sitt igjen med eit inntrykk ein del betre enn eg hadde undervegs. Her er eg i stjerneknipe (årets nyord 2026?), for eg syns plata er ein klokkeklar 7/10. Samtidig kjennes det for lågt å gi den 3/5 stjerner.
7/10
Dolly/Linda/Emmylou - Trio
Einig i at det er mange og mange gode balladar på denne plata som visstnok hadde vore i planane eit tiår før den blei til. Tidvis syns eg desse stemmene følgjer kvarandre litt i tettaste laget (me treng vel alle høyre berre Emmylou Harris synge av og til), men steike for nokre låtar - enten dei er skrevne av andre eller dei sjølve.
8/10
Teenage Fanclub - Bandwagonesque
Hei Egersund! Dette er verkeleg eit av banda (og vokalisten) eg har sett flest gonger av musikk eg ikkje elskar, men “berre” syns er fin. Det er vel kanskje litt oppsummerande at einaste gongen på denne plata eg verkeleg set i gong å danse i stolen her er på avsluttaren som strengt tatt minnar meir om The Cure enn den jamne Teenage Fanclub-låt. Men jo, det er jo fint og behageleg heile vegen, men det tar liksom aldri heilt tak. Enormt lite provoserande musikk, då, men ja, eg vil berre FØLE noko. Er det for mykje å be om?
7/10
Dusty Springfield - A Girl Called Dusty
Dette er tydelegvis debuten hennar og eg har vel aldri eigentleg høyrt denne plata før (sjølv om omslaget er kjent). Eg syns stemma hennar er kul, men det kjennest ikkje så uttrykket har heilt satt seg enda. Ho er på eit vis ikkje nok Dusty her. Og så er det no ein gong sånn at Dionne Warwick, Gene Pitney og The Shirelles har overlegne versjonar av same låtane. Om du vil høyre "You Don't Own Me" så går du til Leslie Gore, ikkje til Dusty Springfield. Og nett dette oppsummerer for meg denne plata.
6/10
Stevie Wonder - Talking Book
Den første plata med Stevie Wonder eg blei glad i og etter kvart kjøpte på vinyl. Fascinerande og utruleg kult at denne blei så stor som den blei (med både "Superstition" og "You Are the Sunshine..." som #1-hits i USA!), men plata er meir enn som så. Ei solfylt, varm og tidvis vemodig samling soul og funk så han syng seg så utruleg fint gjennom. Og så er det jo ein stor bonus, sjølvsagt, at - som enkelte har vore inne på - "I Believe..." avsluttar heile greia. Om ikkje tidenes låt, så kanskje tidenes avsluttar? Og kanskje den beste songen i heile katalogen?
8/10
The Divine Comedy - Casanova
Divine Comedy høyres for meg ut som noko midt mellom Scott Walker og Jarvis Cocker. Det heng ei erkebritisk sky over det heile og så får me kontrasten i alle desse strykarane og svære arrangementa. Det starta bra og etter dei to første tenkte eg at, tja... kanskje dette kan vere noko for meg? Men... "In & Out of Paris" og særleg "Charge" er heilt fæle og eg må faktisk spole litt. Fint at nydelege, nedtrippa "Songs Of Love" dukkar opp då - for då var dette verdt dei 50 minutta det tok likevel.
6/10
Dexys Midnight Runners - Don’t Stand Me Down
Eg har aldri høyrt denne før. Faktisk kjenner eg vel omtrent kun den “Eileen”-songen, men min få-opp-energien-song har lenge vore Stevie Wonder sin “For Once In My Life” (eller dene julesongen til Mariah om årstida er riktig), så ja… Høyrt utruleg lite på DMR. Så kva med denne plata? Jo, altså, eg digga den allereie halvveis uti på første lytt og no på andre runde sitt eg omtrent og klappar med. Gir veldig meining at Warren Zevon etterkvart blei kredittert på “On Of Those Things”, men om ein ser vekk i frå denne hermegåsa så er jo denne plata full av tilbakelent og soul-influert new wave med eit mykje mindre massivt lydbilde enn eg hadde forventa. “Listen To This”, “Knowledge of Beauty” og særleg den dritlange “This Is What She’s Like” er alle heilt fantastiske.
8/10
Joy Division - Unknown Pleasures
Den mest deprimerande plata eg har høyrt etter The Cure si "Pornography". Sistnemnte gir ei kvelande kjensle, mens denne gir ei meir tom ei. Trommene ligg og piskar heilt fremst i miksen mens den monotome stemma til Ian Curtis minnar oss om at det ikkje fins noko håp. Midt mellom ligg dei ein gitar og ein bass som fyller inn gapet mellom dei to, men minimalistisk er det tydelegaste stikkordet her. Partiet frå og med "New Dawn Fades" og ut "Shadowplay" er så intens og fantastisk at ein nesten blir i fysisk ubalanse av å høyre det. Verdas kjøligaste plate.
8/10
Meat Loaf - Bat Out Of Hell
Så var det oss då, Meat Loaf. Og mest av alt deg, Jim Steinman. Eg har alltid hatt eit anstrengt forhald til denne plata og lite har endra seg. Det skjer for mykje på ein alt for massiv måte gjennom heile skuletimen det tar å lytte seg gjennom denne plata (som har solgt sinnsvake 43 millionar eksemplar). Ein svulstig og overlessa rockeopera som heilt sikkert har fleire fine songar enn eg maktar å registrere mens heile greia øsar ut av høgtalarane. Skal eg peike meg ut ein favoritt blir det fort “Paradise by the Dashboard Light”, men behovet for å gjenbesøke heile greia finst ikkje. Eg er mett, Meat.
4/10
Rage Against The Machine - s/t
Denne var me jo innom i Rolling Stone-gjennomgangen til Torumodo (eit av mange av hans ikkje-fullførte livsverk) og eg syns vel omtrent det same no, som då? Eller likar eg den kanskje hakket betre? Eg syns dei kjentaste songane her er utruleg eineståande og kule, men igjen er det avsluttaren som får blodet til å bruse på alvor. Og så blir det litt mykje med ei heil plate av dette, men ein skal være temmeleg langt ute å på høgresida for å ikkje elske bodskapet til Zack de la Rocha på denne plata. Samstundes blir nok aldri Tom Morello favorittgitaristen min.
7/10
Francis Albert Sinatra & Antônio Carlos Jobim - s/t
Ein sjeldan dempa Sinatra i møte med bossanova-kongen i verda(?) Dette er behageleg heile vegen med strykarar og mjuke fløyter som ligg og smører. Dette er kanskje ikkje plata du set på når du skal gasse deg opp før ein kveld på byen, men ei du trygt kan spele til middag eller frukost. Sløye, milde tonar som gjer lite anna enn å være der og kanskje ta brodden litt av. Det er truleg LITT meir behageleg å vakne til denne musikken, enn utan. Om du normalt berre sitt i eit rom og ser på ein vegg mens du høyrer på musikk kjem du ikkje til å bli utmatta, men det er ikkje sikkert du kjem til å føle deg underhalden heller.
6/10
Frank Ocean - Channel ORANGE
Me er halvvegs inn i plata og så kjem synth-klokkene som opnar "Pyramids". GÅSEHUD. Eg tenker at dette er den beste musikken frå moderne tid. Og då har eg allereie vore gjennom "Sweet Life", "Super Rich Kids" og den heilt fenomenale falsett-balladen "Thinkin Bout You". Og veit du kva som skjer ETTER desse magiske synth-klokkene? Jo, me går rett inn i "Lost" og ei rytmisk, uimotståeleg historie om å smugle narkotika. Så "Pink Matter" med André 3000. "Forrest Gump"? Desse historiane er heilt fantastiske og musikken høyres like mykje ut som framtida no som den gjorde i 2012.
10/10
Wilco - Being There
Dette er nok kanskje det meste eg har kost meg med ei plate av Wilco. For min del, og dette gjeld til og med under den konserten på Øyafestivalen “alle” elska sånn, er denne musikken fin, men sanstundes anonym. Songane er like og glir inn i kvarandre, og dette fenomenet blir ikkje akkurat mindre av at det er nitten låtar fordelt på ein time og eit kvarter. Viss Gram Parsons hadde vore vokalist i The Replacement så hadde kanskje resultatet blitt som dette? Truleg hadde songane truffe meg litt betre og.
6/10
Funkadelic - One Nation Under a Groove
Det beste med denne plata er at det kjennest ut som det har vore så forbanna gøy å spele ho inn. Dette er funk, rock og psykedelia med låge skuldre. Set no for pokker av 11 minutt (!) til å la livet segle sin eigen sjø mens du høyrer «Promentalshitbackwashpsychosis Enema Squad» (!), til dømes… Messinga til George Clinton over det baktunge, hypnotiske bassgroovet er ei oppleving i seg sjølv. Eller kva med handklappinga i det rytmiske meisterverket av eit tittelspor? Eg er ikkje først og fremst ein dansar, men kontorstolen køyrer greitt karusell her eg sit. Skal me telje med liveversjonen av (den fantastiske) «Maggot Brain» som kjem heilt på tuppen? Sikkert ikkje, forstår ho ikkje var inkludert frå starten av. Samma faen, plata er ein fest uansett.
8/10
Coldplay - Parachutes
Codlplay ja. Elska av bade folk som elskar og ikkje elskar musikk. Desse trygge pianoballadane treff veldig mange, men aldri meg. Litt fordi songane og måten der er framført på er litt som norsk husmannskost med litt for lite salt: Eg registrerer at dei er der, men det skjer ikkje noko nytt sjølv om eg tyggar. Denne komla er aldri provoserande, men kor er smøret, baconet, kålrabien og det salte kjøtet? Coldplay har same smak heile vegen. Alle låtar kunne vore bade den førre og den neste. Og veit du, eg treng ikkje mange sekund før eg er ferdig med falsetten til Chris Martin. Den ikkje-tenkande sitt Radiohead?
5/10
Culture Club - Colour By Numbers
Ikkje så veldig lenge sidan eg putta denne i ein albumrunde og brukte faktisk anledninga den gong til å høyre gjennom heile (for første gong). Me startar med den lystige og gnagande megahitten “Karma Chameleon” før me allereie på spor 3 er i gong med ei rekke slapp, blå-auga vaksenpop som neppe har ein større jobb på denne jorda enn å være med å fylle opp plassen på denne plata. “Miss Me Blind” høyres, som så mykje anna på denne plata ut som Lite-versjonen av Wham! Heilt til slutt kjem “Victims” som er den klart beste LÅTA her. Eg får nesten berre anta at denne er representert grunna stort kulturelt fotavtrykk? Det held no for faen ikkje.
4/10
Steely Dan – Can’t Buy a Thrill
Åh, for eit band dei var på denne tida. Ja, for dei var jo eit BAND der ei stund før Fagen og Becker fekk store tankar og mista litt bakkekontakt. Det ligg eit forsiktig fundament av jazz og funk allereie her, men komposisjonane er svøypte i californisk sol, fyldige vokalharmoniar og mjuke, fengande melodilinjer. Som eit smartare, betre Eagles (som hadde debutert eit par mnd tidlegare). Forbanna nydeleg musikk.
9/10
Bruce Springsteen - Born in the U.S.A.
Eg får ikkje akkurat gåsehus av å høyre “Working on the Highway” og “Darlington County”, men så er jo toppnivået heilt idiotisk høgt her. “I’m Going Down”, “Dancing in the Dark” og den heilt nydelege “My Hometown” heilt til slutt. Og så min personlege favoritt - som eg når som helst vil nominere som den sterkaste melodien til Springsteen: “Downbound Train”. Og så er det jo den soniske gryta (som eg likar å sei) som er så forbanna tilfredtillande. Den svære trommelyden og dei nesten new wave-aktige synthane bak den upolerte stemma til Bruce Springsteen. Heartland-kongen. Som så utruleg mange gonger har fått meg til å ende opp med ei sentimental kjensla knyta til stader og år eg ikkje ein gong har deltatt i.
9/10
Cat Stevens - Tea for the Tillerman
Er det formidlinga? Er det stemma til Cat? Instrumenteringa? Produksjonen? Kvifor elskar eg ikkje denne plata? For låtane er stort sett veldig sterke. Eg meinar… “Father & Son”, “Sad Lisa”, “Wild World” og så bortetter… Alle klassikarar! Det er heilt mystisk kor lite fantastisk eg syns denne plata er. Kva er det som mangler? Er den AI-generert?
6/10
The Cardigans - First Band on the Moon
Ja vel, så denne plata høyrer heime her altså? Det syns ikkje eg. “Lovefool” er i mine øyrer ein av dei mest irriterande hittane frå 90-talet og er vel grunnen til at eg aldri har høyrt heilt plata. For det første er eg overraska over kor ofte det smakar bade disco og lounge/bossanova av denne musikken. For det andre hadde eg aldri trudd at Nina Persson over ei heilt plate skulle bli så irriterande å høyre på. For det tredje må eg sei at det Black Sabbath-coveren er heilt hinsides jævlig. Eg trur det er noko med den sofistiker-og-søtt-på-eing-gong-greia eg slit med. Nei, veit de kva… The Cardigans suger.
3/10
The Libertines - s/t
Eg bit ofte på når folk hyllar gamal doo-wop som Pete og co gjer på “What Katie Did”, men ikkje ein gong kontrasten til den mørke historia gjer dette interessant. Eg hugsar “Music When The Lights Go Out” var ein favoritt blant enkelte i kretsen på tida då denne plata kom ut, men når eg høyrer den no er den heilt utruleg slapp. Og ja, einig med Endre. Opnaren er det beste som skjer her, men i sum er dette nok ein bekreftelse på at den rocke-renessansen det blei snakka så mykje om på tidleg 2000-tal var bleike greier. The Strokes og White Stripes hadde karakter og låtar, men veldig mange av dei andre var som dette: Preglause. For The Libertines utan sirkuset rundt Pete Doherty kunne like gjerne aldri eksistert.
4/10
Duran Duran - Rio
Det som slår meg når eg høyrer denne igjen er kor godt eg likar dei mindre kjente låtane. "Hold Back the Rain" er jo heilt nydeleg? Og den nesten OMD-aktige synthen som ligg bakerst i "Last Chance on the Stairway" gjer at det går kaldt nedover ryggen min. Of for ein tittel, tekst - historie! Dette er ikkje musikk som er hasta på tape for å hive seg med ei eller anna bølge - dette er låtar og innspelingar som står solid kvart for seg. Det som kan slite litt på meg er stemma til Simon Le Bon. I parti og låtar der han ligg øverst i registeret er han litt anstrengande å høyre på, men for all del - topp plate.
8/10
Suba - Sao Paulo Confessions
Så.. Eks-jugoslaver som flytta til Brasil og laga denne musikken for så å døy i brann då han skulle redde ut opptaka til det som seinare skulle bli "The Sao Paulo Confessions"? Heng du med? Dette er ei slags blandinga av ambient-drønn over tradisjonelle brasilianske rytmar, tidvis med sløye, draumande vokalspor frå ei Cibelle. Eg har aldri høyrt om verken han, ho eller denne tidlegare, men i kategorien stemningsbærande musikk eg kan sette på utan at det forstyrrar flyten i arbeidsdagen kjem denne langt nede på lista. Tenk å høyre Apollo-plata til Brian Eno etter å ha høyrt denne, til dømes. Reine reinsinga frå det som nok i utgangspunktet skulle være ein reinsing?
3/10