Det er ikkje det at eg får så veldig mykje meir ut av dette, enn at eg blir litt gladare. Men det er nok det i blant. Eddie Van Halen er veldig lett å lika, David Lee Roth ikkje så. Kult at det lett såpass powertrio av dei som det faktisk gjer - tiåret tatt i betraktning.
Velger meg helst Remain in light, difor er det lenge sidan eg har høyrt på denne. Men det var no eit triveleg gjenhøyr! Passeleg køddete, veldig originalt og mest av alt fengande som berre det.
Meir sparsomeleg i rammeverket og litt mindre funky enn det eg er van med frå denne typen. Hadde ikkje høyrt denne før, og ser eg har ei lita røys med plater å sjekka ut før og etter. Dette var skikkeleg fint!
Dei spelar jo greit, og det er eit og anna riff her som har noko for seg, men altså…eg har ikkje tenkt å lata som om at Fred Durst er noko anna enn Fred Durst og Fred Durst er no eingong noko av det jævligaste som finst. Han kliner driten sin utover kvar einaste musikalske idé her. Stakkars band. Eg trur ikkje på eit kvekk av det han lirer av seg, ikkje når han vil vera sår (The One) og ikkje når han tøffar seg (alle dei andre). Det går kanskje an, om ein legg godvilja til, å ha litt omsut for ein så tossen og ubrukeleg vaksen mann som likevel bruker ein time og eit kvarter på å gni inn med utestemme kor forbanna rå han er. Men han er no eingong like tossen og ubrukeleg for det.
Billie Holiday - Lady in satin
Då eg gjekk på musikklinja og vart eksponert for denne typar songar, great american / real book-materiale, pleidde eg å avsky dei. Seinare skjøna eg at det mest av alt var fordi ein vart eksponert for versjonar av folk som ikkje evna å tolka dei, enten det no var medelevar eller omreisande “proffe” riksmusikantar. For er det ein ting dette materialet skrik etter så er det stemmer som skjønar eit par ting om kva det vil sei å tolka og formidla essensen i det. Det skjønar Frank Sinatra, Chet Baker eller Bob Dylan for den del. Det står plater med desse i samlinga mi, der mange av songane frå denne plata dukkar opp. Og sjølsagt, dette skjøna Billie Holiday. Om det er noko ho balar med, særleg så seint i karriera/livet så er det nett dette, å vrenga essensen ut av materialet og tvinna sine eigne tynnsletne nervestrengar rundt det. Kontrasten mellom dei vakre orkesterarrangementa og den vaklande stemma er utruleg verknadsfull. Og når det gjeld den vaklande stemma blir det nesten for sårt til tider - måten ho kjempar seg fram mot enden av frasene på.
Crooner-sesongen i stova her byrjar i desember. Eg legg meg på minnet at denne skal i hus før dess.
Sjølsagt imponerande at han gjer alt sjølv, men før me konkluderar med Stevie/Prince-nivå her, har han låtmaterialet som trengst? Ja og tja. Nydeleg opningsstrekk, særleg tittelsporet. Likar stemma hans godt. Noko Bill Withersk over den. Rett på utan for mykje krussedull. Det har eg sans for. Bakoverlendte greier, funky men tar ikkje nett av. Instrumentalane som tar over midtvegs gir kanskje plata karakter, men dei gir også knollen min høve til tenka på andre ting. Strawberry letter 23 er feit, og den einaste eg har høyrt før. Positiv men litt betenkt. Sidan eg gav 7/10 til Talking heads får eg nøya meg med 6/10 her.
Mykje er sagt. Dette er også mi, jaffal størsteparten av tida, favorittjazzplate. Fire fyrar går inn i eit studio osv. Det er det, eller også dette, som er magien i det for meg. Og at ein, sjølv om det ikkje er live lenger, kan høyra det bli spela fram live etterkvart som det blir spela fram. Den tankelesinga som føregår. Eg har fleire favorittplater der dette er hovudmagien - Tony Rice og Ricky Skaggs set seg ned på kvar sin krakk, Ry Cooder og Jim Keltner og gjengen spelar fram Paradise and lunch på nikk og kjensler. Men det blir noko eige når det er så ope som her, basert på nokre hovudtema og sikkert ein bakromspreik om kva som er visjonen/intensjonen. Favorittaugeblikk er når det fantastiske hovudtemaet på pt. II smell inn og avløyser pt. I. Og då vil eg gjerne bruka minst ei linje på å nemna McCoy Tyner, og kva i helvete det er han balar med på tangentane der. Eg skjønar ikkje bæret av kva for nokre chord-rekker eller voicingar eller høge tal som sprett ut av det pianoet, og likevel er det som skapt for melodien og for kompet og for heile uttrykket. Det får halda no, og det får oppsummera kvifor eg gir dette meisterverket 10/10
Søstra til Asle lånte meg CD’en på musikklinja ein gong. I eit par år etterpå hadde eg eit relativt voldsomt oppheng på den vesle katalogen hans. Seinare fekk eg veldig nok av singersongwriterar som baserte heile den manglande signaturen sin på signaturen hans. Men det er no ikkje Nick sin feil. Dette er utan tvil den beste plata hans spør du meg. Ikkje at det er mykje produksjon å spora her, men nett det er vel ein slags produksjon det òg, og den er heilt riktig. Gitarlyden, tørr og klår og levande, er kanskje den finaste akustiske gitarlyden som er festa til tape, og det har heilt sikkert meir med fingrane til fyren å gjera enn med dyre mikrofonar. Eit lysande knippe songar og skisser, slett ikkje så mørkt som folk ofte skal ha det til, særleg om ein evnar å kobla ut biografien.
So look, see the sights
The endless summer nights
And go play the game that you learned
From the morning
Fine linjer å runda av det heile med.
Så det er slik desse høyrest ut altså. Juxtapozed with U har eg visst høyrt før, utan at eg hadde eit voldsomt behov for å høyra den igjen. Lite minneverdige låtar som berre glir forbi, medan produksjonen stressar ræva av seg for å få dei til å festa seg. Her må det skje noko heile tida. På sitt beste minnar dei kanskje litt om eit Blur heilt på det jamne, men ikkje noko meir.
Eg likar ein del av dette, og så synst eg noko er litt kjedeleg. Likar det som ligg mest i ro harmonisk, det som baserer seg på repeterande riff/ostinat, og som såleis kan minna pittelitt om Miles Davis rundt 60/70-skillet. Unhome er nydeleg til dømes. Kunne òg tålt meir av dei littegrann eksperimentelle faktene i avslutningssporet. Elles hoppar eg lett over dei karibiske og nokre av dei meir straumlineforma innslaga.
Ei plate som består nesten utelukkande av klassikarar i mitt hovud. Bandet peakar her. Macgowan er oppe på eit skyhøgt nivå - som låtskrivar (hadde han nøgd seg med å kun skriva Rainy night in Soho hadde han likevel hatt ein stor plass i hjarta mitt. Den songen har eg til gode å ikkje bli rørt av), som formidlar (And the band played waltzing Matilda - hjelpedåmeg), som vesen. Det ville vore ei veldig god plate berre med songane hans, det er ei ellevilt bra plate med trad- og coverlåtane (som ein sjølsagt oppfattar som Pogues-låtar etter å ha høyrt dei med Pogues) i tillegg. Hadde den klart seg utan køddelåta The Gentleman’s soldier og med ein instrumental mindre? Jada. Gjer det noko at dei er der? Neida.
9/10
Ujamn, men likevel. Peakar greit med Supernaut.
Full pott! Eg treng ikkje høyra den for å veta det, men eg gjorde det no likevel, slik eg gjer relativt ofte, og godt var det. Eg har det ikkje i meg å gå lei av denne plata. Nett i dag tenkte eg mellom anna på kor fint det er når koret tek over på slutten av tittellåten, at den harmoneringa på Under African skies sikkert er det finaste Linda Ronstadt har gjort, og at jaggu måtte eg blunka litt ekstra då han kom til Somebody could walk into this room and say “your life is on fire”. Den er trist og glad på same tid denne plata. Det er fint.
Det er 3 svært hektande singlar og ein fin ballade her, ja og så mengder med boogiebasert hardrock, utan større ambisjon enn å ha det litt gøy. Såleis er det vanskeleg å mobilisera særleg med misnøye. Ganske vanskeleg å rådigga det òg då.
Gud signe Dolly Parton. Dette er ei nydeleg plate, nydeleg sunge og nydeleg spela. To know him is to love him eit høgdepunkt, med ein beskjeden Ry Cooder på tremologitar og gåsehudsolo av David Lindley og slide’n hans. Litt balladetung er den kanskje og det hadde ikkje gjort noko om dei hadde reindyrka blågrasformatet meir, men pytt.
8/10
Synst Asle får sagt det viktigaste. Elles helsar eg vidare til ni av ti indiebands i Bergen på tidleg 2000-tal, og til Big Star. Så er no dei nemnd. Songs from Northern Britain var mi plate med dette bandet. Dei andre var mest Kyrre sine, men det gjorde aldri noko at han sette dei på. Heilt greit gjenhøyr òg:
7/10
Litt klissete opning, og etterpå heilt fantastisk. Variert, rivande rytmisk i eine augeblinken og vart og fint i andre. Blame it on the sun fortener å bli haldt fram i så måte. Siste låten kunne vart evig. 9/10
Dette ga meg fint lite. Kan skimta tendensar til noko som kunne ha endt opp som popmusikk eg kunne satt pris på her, men for det meste synst eg det endar opp i vas.
Litt lausare, meir innfallsprega og utsvevande enn dei to førre (begge glimrande) platene. Og det er no triveleg det. Flott band dette - likar korleis dei blandar sine ulike inspirasjonskjelder, noko Van Morrison-soul her og noko britisk indie-basert der og så den umiskjennelege stemma (som nesten herjar i overkant her).
Skikkeleg god plate. Unikt - både lyden, uttrykket og stemninga den byr på. Det er slikt eg tenker på når eg set den på, og det blir ikkje oftare med åra. Sagt på ein annan måte, så likar eg det men tenker sjeldan at “nei vettuka, no hadde det passa med noko Joy Divison”.
Glimrande, men ikkje heilt Stevie Wonder der altså.
8/10
Kjekt med dette opplegget at neste plate ikkje nødvendigvis er Sgt Pepper. Kan vera litt kjekt å høyra på dritmusikk og. Trur ikkje eg har høyrt gjennom denne fæle plata før. No noterte eg meg Paradise by the dashboard som den jævligaste, og Two out of three ain’t bad som den mest vanlege og derav beste balladen. Og Born to run var vel pompøs nok eller? Men viss eg gav 4 til Divine Comedy så skal eg ikkje lavare her, for eg høyrer faktisk heller på dette. Var antakeleg ikkje slik Divine Comedy ville det skulle bli.
Eg tar på meg skorne til han som fekk CDen i løn for arbeidsveke på Solgull’s platebar midt på nittitalet ein gong og som litt seinare lot seg fillerista saman med Ivar på Quart 97 (når det er sagt, så let det no framleis fett som faen dette) og trillar ein soleklar fem av fem.
Bossa er longtifrå nokon favorittsjanger her i huset, og Girl from Ipanema har eg irritert meg grøn over opp gjennom. Så er det no alltid fint å høyra Sinatra synge, men nei, eg ville ikkje valgt meg nett denne plata til ei slik liste.
Mykje med denne plata som tilseier at eg ikkje skulle likt den. Moderne r&b, viss ein kan kalla dette det, er generelt ganske så jækla langt unna spelaren her. Så er det først siste året eg har fått augo opp for den då, og eg synst den er glimrande. I tillegg til at låtane er gode, har den ei ro over seg i produksjonen, framføringa, framtoninga. Samstundes som den har ein rikdom av idear og innfall. Det let organisk, eller jaffal kledeleg lite tukla med og han har evne til å la ein vokalmelodi få stå på eigne bein.
Held nok Yankee hotel foxtrot og Sky blue sky (og Summerteeth? Usikker, lenge sidan eg har høyrt) høgare, men denne er no heller ikkje så verst. Ein stad midt mellom køntrirocken som var og det meir ambisiøse som skulle koma. Og i ei kledeleg rufsete utgåve av line-up’en. Stiligast når dei vågar seg utpå litt (opningssporet og Sunken treasure til dømes) men forsåvidt også der Tweedy ikkje prøver på anna enn å skriva ein så flott song som mogleg (Far, far away og The lonely 1).
7/10
Grå materie. Trur eg velger meg stadionversjonen, heller enn denne ganske livlause indievarianten. Ikkje at det er så forferdeleg mykje å ha så forferdeleg mykje i mot her, men det er no verkeleg ikkje så mykje å la seg riva med av heller. Sidan det musikalske ikkje maktar det, skulle ein jo kunna ønska seg eit tekstmateriale som evna å rykka ein pittelitt tilsides, men nett det må no vera chris’ern si svakaste side - det er knapt ein setning her som stikk seg ut.
4/10
Fy faen for noko skvip.
Glimrande plate! Eg gjekk gjennom mine første femogtjue år eller noko slikt, overbevist om at eg hata Steely Dan. Den overbevisninga var nok i hovudsak basert på Aja-plata, av typiske grunnar. Ei plate eg til slutt enda opp med å lika, dog ikkje like godt som denne. Hadde eg høyrt denne då eg oppdaga Crosby & Nash (ja kanskje mest dei to av den gjengen der) og slike, hadde eg snudd tidlegare. Donald Fagen er ein kul vokalist altså, men fytti kor fint David Palmer syng på Dirty work!
Den har nokre skippe-låtar. Tittellåten gidd eg aldri høyra, under Glory days bør eg helst vera på fest, Dancing in the dark er god men i overkant p4 etterkvart, Darlington county og Workin on the highway er dusinvarebruce, ikkje at eg skippar dei men. Resten er beint fram fantastisk - Bruce på sitt beste.
Heilt grei singersongwritermusikk utan evne til å hekta. Er det litt lett kanskje? Eg likar snillingar, type James Taylor, frå same periode, men der ligg det fleire lag synst eg. Legg eg uvilja til så er det noko litt irriterande, jamesbluntsk, med synginga og.
Einig i det som er sagt. Mykje (dårleg) stil, lite innhald. Irriterande nittitals kafèmusikk. Synst dei vart eit mykje betre band på dei to neste platene, som eg høyrde ein del på i si tid.
No byrjar det å røyna litt på dette prosjektet. Skal innrøma det. Dette takraset av eit band unngjekk eg medan det stod på, og eg har ikkje vakse meg venlegare innstilt i løpet av åra høyrer eg. Det er tilløp til nokre ganske gode låtar her og der - Can’t stand me now, Last post on the bugle, Music when the lights go out, men då leitar eg etter ting å lika, og dét er jaffal ikkje korleis dei spelar og syng desse låtane. Oppskrøten gjeng.
Kjapp gjennomlytt for å registrera at dette er ein del betre enn reaksjonen, sukket, då eg såg omslaget skulle tilsei. Og ikkje minst, jææævlig mykje betre enn fokkings Culture club. Det var sikkert ikkje nett dèt bandet Simon Le Bon såg for seg å bli samanlikna med, men slik får det bli i denne tråden. Litt mørkare enn eg trudde, det ligg nokre synthar og ulmar der bak den hyperaktive bassinga, og eg likar dei best på sitt minst hyperaktive og mørkaste, rundt avslutningsfasen der tenker eg, med Save a prayer (herleg toneartskifte) og The Chaffeur. Blir dog ikkje høgare enn 6/10, sidan eg veit at dette ikkje kjem til å bli ein gjengangar i heimen.
Meir nittitals kafémusikk. Dette måtte eg skumma meg gjennom. Gir meg tett på ingenting.
Metallica si beste plate. Ei av hardrocken si beste plater. Kanskje så mange som fem av dei beste hardrock-låtane som er laga. Eg snakka med Tore om dette i går, får frysningar av å tenka på at me fekk veksa opp med dette som ferskvare. Eg vettafaen kor nostalgien byrjar og sluttar men ein ting veit eg: herregud kor eg kosar meg når eg høyrer på denne plata, framleis. Eg gjentar meg sjøl om slikt men: signatur i alle ledd, jaja ein kunne sikkert byta ut Kirk Hammett utan at nokon hadde merka det, eller kunne ein det? Næ, antakeleg ikkje. Seinast på torsdag kom eg i snakk med ein ungdom på yrkesskulen som spelar gitar, han viste meg kva han hadde øvd på i det siste - rett på opningsriffet i tittelsporet! Slik er det, no som då, Black Sabbath-effekten. Men uansett, om ein ser vekk i frå betydninga den har hatt, og berre murar seg inne på kjøkenet med headsettet på full guffe, slik eg har gjort fleire gongar i helga, får eg framleis den same kjensla: satan så diggbart! Kunne leita etter grunnar til å gi mindre enn 10/10, det er no ikkje alle låtane som er heilt der oppe, men eg gir faen og gir 10/10.